Refleksjonsnotat Undervisning ved bruk av blogg.




Mange meinar at dagens ungdom på mange måtar er «New Millenium Learners, dei er oppvekst i eit nettverkssamfunn der internett alltid har eksistert, Dei lever eit «online» tilvere og deira verkelegheit er sterkt influert av ein digital kultur som t.d. blogg.( Å være digital i alle fag , Hildegunn Otnes)
Trass i at vi i Noreg i dag har innført bruk av digitale verktøy, er vi kanskje ikkje flinke nok til å nytte dei moglegheitene digital deling kan gi oss.
Eg meinar blogg gir ein god moglegheit til økt delingskultur der elevane får bruke andre sitt arbeid til å tileigne seg kunnskap. Når elevar vel å hente informasjon og kunnskap ved bruk av nett, har dei ikkje erfaring nok til å vite om dette er informasjon som er kvalitetssikra. Ved at elevane får nytte ein fagblogg kan dei hente ut informasjon som er kvalitetssikra av meg som lærar.
Ved å ta i bruk blogg i undervisninga vil elevane få eit meir variert tilfang av læringsformer, fleire innhaldsressursar og meir motiverande læringsmiljø – og dermed et potensial for betre og meir læring.
Når eg tidlegare har gjennomført tema partering, har elevane fått utdelt fagstoff på kompendia, noko har vært på Fronter, noko fagstoff har elevar i sine eigne notatar.
Det er ei stor forenkling for elevane når ein kan samle alt på ein fagblogg, det blir eit fagsamfunn som er tilgjengeleg for dei uavhengig av når på døgnet dei vel å studere.
Når eg nyttar blogg i undervisninga har eg og moglegheit til å gi elevane digitale
 «lekser», noko som gjer det lettare for meg som lærer å sjekke om elevane gjer arbeidet sitt.
Det er forskjell på gutar og jenters bruk av datamaskiner og internett. Gutar har ei meir positiv haldning til digital teknologi enn det jenter har. Jentene har ei meir positiv holdning til digital kommunikasjon som til dømes blogg. (Å vokse opp digitalt- dagens barn og unge, Cathrine Tømte og Morten Søby)

Dette er noko eg kan utnytte når eg vel å ta i bruk blogg i undervisninga. Eg har då moglegheit til å skape ei god samhandling mellom gutar og jenter der dei i fellesskap, med å nytte deira førehandskunnskap til IKT, kan hjelpe kvarandre til å nå dei gitte mål som er satt av lærar. Før eg kan ta i bruk blogg i undervisninga må eg ha samtykke av elevane. Dette er nedfelt i § 8 i personopplysningsloven. Dette fordi nokre elevar kan vegre seg for å bli eksponert på nett. (PERSONVERNSKOLEN.NO)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Velkommen for kommentarar